Flyktninghjelpen

Flyktninghjelpen

TypeStifting[1]
Org.nummer977538319
Skipa1946
HovudkontorPrinsens gate 2, Oslo
OpphavEuropahjelpen
GeneralsekretærJan Egeland[2]
Omsetjing916 185 euro (2020) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar916 185 euro (2020) Sjå dette på Wikidata
Tilsette7 050 (2019) Sjå dette på Wikidata
MottoRights respected and people protected
Nettstadhttps://flyktninghjelpen.no Sjå dette på Wikidata

Flyktninghjelpen (NRC: Norwegian Refugee Council) er ein humanitær organisasjon basert i Noreg som har som mål å hjelpa og støtta rettane til menneske på flukt.[3] Flyktninghjelpen er religiøst og partipolitisk uavhengig og tilbyr hjelp, vern og ei røyst til flyktningar og internt fordrivne

Dei fleste medarbeidarane i organisasjonen er lokalt tilsette i om lag 30 konfliktområde (2017) i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Hovudkontoret ligg i Oslo og har rundt 200 tilsette. I tillegg er organisasjonen representert i Brussel, Genève, Addis Abeba, Dubai og Washington.[4]

Matkø av fortdrivne ivorianarar i Liberia i 2011. Matutdelinga var eit samarbeid mellom Flyktninghjelpen og SN sin høgkommissær for flyktningar.

Organisasjonen er ei vidareføring av Europahjelpen, som blei oppretta i 1946. Han heitte Det Norske Flyktningeråd fram til 1992 og Flyktningerådet fram til 2005, då han fekk namnet Flyktninghjelpen.[5] På engelsk er han kjend som Norwegian Refugee Council, NRC. Han har eit tett samarbeid med SN sin høgkommissær for flyktningar og fleire andre SN- og internasjonale bistandsorganisasjonar.[5]

  1. Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret
  2. «Secretary General Jan Egeland» (på engelsk). NRC. Henta 14. oktober 2023. 
  3. «Om oss». Flyktninghjelpen. Henta 17. november 2017. 
  4. «Her jobber vi». Flyktninghjelpen. Henta 17. november 2017. 
  5. 5,0 5,1 «Flyktninghjelpen». Store norske leksikon. 29. april 2015. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search